Berit Rekve
@beritrekve
Frilans rådgjevar. Master i off. leiing og styring. Samfunnstryggleik, politikk, kommunikasjon, organisasjon, forvaltning, språk, natur, klima. Leiar Mediemållaget. Safety, securty, crisis management, communication, language, nature, climate. Oslo - Norway
Nedst i T-skjortesamlinga mi fann eg denne. Er nok ikkje så mange som har slik i dag. Og så måtte jo skjerfet frå @noregsmallag med. Ønskjer landslaget lykke til i kveld!
Treng ikkje gå på strømmetjenester for å få underhaldning med til dømes Tobias Santelmann. Det held til dømes å vera på landsmøtet i Noregs Mållag. 😀
Professor Ola Mestad og tidlegare stortingsrepresentant Martin Kolberg innleia om språk i Grunnlova og framlegg som skal handsamast i Stortinget. #NMLM #NynorskinniGrunnlova
Rotevatn vart forresten takka for innsatsen av leiaren i Mållaget på haustseminaret i dag.
Byrjar å sjå fram mot #val2027 og utviklinga for Oslo. Sjølv om det kan vera skilnad på korleis folk tenkjer og røystar i kommune- og stortingsval, er det interessant å sjå på tendensar. Her er resultat av val -23, kommunemåling for oktober i fjor og valresultatet for stortingsvalet i år.
Vaksenpoeng. Det handlar jo om at du forstår noko om vinen. I går hadde vi ein ukrainsk som treng 5-6 timar lufting. Det forstod vi etter første gong vi kjøpte han.
Elektrisk kaffikvern? Å nei, ikkje til meg. Her går det i fint arvegods frå ei grandtante. Gode minne frå 70-talet. 😀
Fascinerande saktefjernsyn på SVT2 no: Den stora kyrkflytten. Ein flyttar kyrkja i Kiruna til den nye byen.
Var just i gang med denne klassikaren att. Alltid aktuell. Denne kan eg verkeleg tilrå. #Groupthink
For n-te gong: UH-institusjon som ikkje greier skilnaden på eit studium og ein studie når dei skal marknadsføra studietilbodet sitt. #NMBU AU!
Eg kan sikkert pynta denne tova ullhatten (med tyll i toppen her) eg har laga med sølvbånd og fjør til deg. 😀
Today it's one year since the Palestinian poet and professor Refaat Alareer was killed in an IDF airstrike. His last poem was translated to many languages. Here's my Norwegian translation.
Post a consert pic you took. :-) ... Mathias Eick. Framføring av tingingsverket hans, "Voss", under VossaJazz 2011. (foto: Berit Rekve)
Dette var jo interessant. Det tok si tid å få tilgang på det tidspunktet, så det har nok gått fortare etter at det vart opna for registrering utan invitasjon. Bluesky now has over 10 million users, and I was #551,301!
Det næraste eg kom å ha eit bilete med noko raudt (eit sjal dandert som topp) var dette frå 2009: