Wermund
@doublewsinglev
Pappa, Bonde, Hobbymusiker, SV'ar Arkitekt, Plansjef Mine kampsaker: Grunninntekt, like rettar for alle, fortetting på bygda, meir til kulturen, betre kollektiv på bygda. Flagg og binders for motstand mot fascistar 🌈🏳️⚧️🏳️🌈🏴☠️ 🧑🎄🍄🇺🇦🇵🇸🇧🇻📎
Sjekk på NB.no om du har blitt sitert på eitelleranna du ikkje var klar over. Frå twitter eller bluesky. Eg fekk meg ein liten latter på bussen over kva Avisa Sør-Trøndelag fann ut dei ville plukka opp 😂😂
"Funkar sånn passe" Eg er dritnøgd med min Cort, så elitetryner kan bare STFU. Har ein kompis som har kjøpt (og solgt) fleire Hummingbird for å finna "den rette". Og snakke masse om kor stor forskjell det er mellom dei. I don't hear it... Men så har han studert musikkproduksjon og då...
Heimelaga hespetre og ca 230 m heimelaga garn spunne på håndtein og tvinna på rokk. Ja, og ein duk eller brikke som eg har hekla av garn som er 100% laga med håndtein.
Dette er kanskje litt VEL ambisiøst lyspunkt, men eg er å badar i min heilt eigne badekulp.
Ein heilt ekte faktura, på ein heilt ekte ting eg måtte godkjenne i dag 🤩😂😍 Shoutout til Vidar Børve kontormøbler og musikkutstyr AS. Der det sit ei fullskala Spidermanndokke i butikkglaset og spelar sjakk. Mannen har vunne i livet, som i hans auga er ein leik som må leikast ALLTID!
Wermund si heklereise fortset. No med 100% eigelaga garn frå eigne sauer, skal eg freista å hekla meg eit skjerf. Tippar det blir litt kløete. Men er gøy å prøva. Neste runde skal eg freista ein anna metode for å gjera klar til spinning, for å sjå om det blir betre garn.
Sjå kven eg fann!!! Eg som trudde Kløver hadde unngått graviditeten. Men NEI, i dag kom det ein liiiiiten vær springande saman med gjengen 🤩🤩
Begynte dagen med å grina med gal-pal på Eivør, fekk meg sugarskullsminke, hørte litt Queensryche, kjøpte for mykje kunst, og har ENDELIG fått sett Hellacopters. Pour one out for the fallen ones! Endelig Vegard fekk eg sett dei! RIP til ein av dei finaste folka eg har kjent!
Pride på Husnes 🤩🏳️🌈🏳️⚧️ talte 110+ i toget. Det regnet som var lova holdt seg vekke. @lektorbjorgen.bsky.social og @inondal.bsky.social var med, pluss masse andre supre folk. HEF arrangerte i år, og apell frå @oleneikopp.bsky.social sin bror, Anders, der både han og eg gret litt.
I går var det Bjutishåpp på Vårstøl Permakultur (eg har gitt opp permakulturen for augneblinken, men det er no det firmaet heiter framleis) Alle som skulle ha det fekk nye øyredobbar, det vart litt pedi- og manikyr, alle fekk ormekur og flåttmiddel, og alle vaksne ei bjølla. #dyremandag
Eg går med regnbogearmbåndet mitt så ofte som mogleg. Litt irriterande at eg brukte det sist eg klypte sauene, for no er det fullt i små ullstrå, som stikk og klør... Så eg måtte laga nytt.
Bilete frå 25. Juni 2022. Vakna til sjuke nyhende. Gjekk opp på festivalområdet til Festidalen og vart møtt av hordar av regnbogar og klemmar til og fra ALLE. Det var ei absurd bursdagsfeiring. Huset fullt av venner, sorg og glede i ein salig blanding.
Flaskelammet vart klypt, ulla karda og vaska, spunne til tråd og til garn, og til slutt hekla til ei hua. Ein ting dette idiotiske prosjektet har lært meg er kor SINNSVAKT mykje arbeid våre formødre har lagt ned for at vi ikkje skulle frysa. Denne hua her har eg brukt AVSINDIG mange timar på.
Gjett kven som har klipt, vaska, karda, spunne og spunne ein gong til 😂 neste er enten plantefarging, eller rett i heklinga..
Har funne ut at lego technic har fått nokre nye delar siden eg var gutunge. Delar som oppfordrar til shenanigans 😂
Jaja, det var ganske likt. La oss finna den EINE tingen vi er PITTELITT ueinige om, og bli erkefiendar over! Men og CHOMSKY??? Ikkje dei siste åra iallefall...
Dei er ikkje store, men DAMN han hadde 4-hjulstrekken i orden... Sjølv vaksne sauer og værer har ikkje dytta meg rundt slik han gjorde. Trur han brukte litt samme trikset som eg gjorde då eg var gutunge. Lågt tyngdepunkt, og løft opp før du dyttar.
Found these two knuckleheads in the woods. They ran away in autumn, but here they were. Strong, fluffy, bouncy. Now the problem is: how to get them home?
3-4 år. Har funne ut at du kan dra skuffene på kjøkkenet ut, og bruka dei som trapp. Det funka berre sånn passe. Måtte til legen og sy. Men du kan TRU det var kult å vera kort, ha briller, arr i panna og utilsikta samme sveis som Daniel Radcliffe ca år 2000..
Var i 40-årsdag til bestis i Stavanger. Vart så rørt av å få høve å synga til, og med han, at eg måtte bare sjå vekk og ned, eller lukka augene under sangane. Då eg var ferdig brast slusene 😅 Also: felt handsome, might delete later 😅
#Dyremandag på ein FAKTISK mandag! Pus og eg nyt solnedgangen frå min private gravhaug etter ein heller lang dag. Digg med ein liten pause...
På jazzkonsert der alt eg veit er det er ein kompis som spelar, og det er ein trio. Nett so eg lika da!