Erik Holten
@holtenher
Serious science demands serious facial hair
Kan berre delvis skryte av at eg tok Wilson på den referansen pga. Robert A. Heinleins libertarianstiske magnum opus ved samme tittel (og den aktuelle strofa sitert før 1. kapittel), der han tråkla i hop trådar frå heile det mangslugne SF-forfattarskapet sitt. Det står mykje rart i den boka.
Her trudde eg at det var du som hadde laga montasjen med minionsane for komisk effekt, inntil eg såg vassmerket åt Dagen på biletet! Utruleg! Og så går eg åt framsida deira, og kven er det ikkje som helsar oss der! Ergo: _Ikkje_ satanisk, men nokså ateistisk. frontimages.dagen.no/r1derZGs_wAP...
Eg kjøper argumenta. Ueinigheita vår her botnar nok mest i at eg er meir vár den skilnaden du nemner, pluss noko misnøye med kapasiteten hos rikskringkastaren seint ei fellesferiehelgenatt. Det vi derimot er heilt samde om i dette ordskiftet, er at brillene mine er ganske rare.
Odysséen, tykkjer eg, tek seg heilt fantastisk godt ut i Arne Garborgs attdiktning. Men boka kom berre ut i åra 1918–1919. Difor har eg tilrettelagt henne som ebok. Ei tidleg utgåve av epubben er no på plass, og ein skrivarvennleg pedeff er på veg. Alt gratis, sjølvsagt. github.com/holten/odyss...
"Ild og flukt" var først i si heilheit utgjeve som svart/kvit biserie i det like svart/kvite Fantomet. Den vaksne sonen åt dagmammen min hadde kjøpt det nummeret, og eg var liten gut på overnatting. Det var heilt annleis enn absolutt alt anna. Seinare kom Bokklubben Nye Bøker med samlinga i farger.
Dei katolske skismatikarane leikar ikkje "turning heel", akkurat. Blinkskot frå den ikkje-autoriserte ordineringsseansen av sektbispar før i veka. Villain arc incoming.
1: Vestre Aker 2: Gamle Aker 3: Gamle Oslo 4: Frysja (etter namnet på heile elvedalen, ikkje den vesle hølen ved Kjelsås) 5: Østre Aker Åt den som vil føretrekkje "Christiania" har eg dette å melde: Om du er så forbanna glad i å minnast monarkar som hersa med oss, kan du heller flytte åt Danmark.
"Fuska inte! Din senaste selfie blir din dejtingprofilbild" Sjølvertar tek eg så godt som aldri, så å finne eitkvart så nytt som frå natt til 1. mai var berre flaks. Eg har aldri hatt deitingprofil. Ville dette ha funka?
Atle Berge om kontrakt/kontaktknyting i Russland: "Positive muligheter for fornyet samarbeid. Opplever stor frihet i landet." Han opplever vel gjerne dét, han ja. 😅 (frå ein tråd under samme typen bilete på sida til Norsk-ukrainsk venneforeining.)
No er det høgt hår som gjeld for dette bandet, så dei får eventuelt vente på at dei nordamerikanske førstenasjonane tek kontakt med klage. I så fall blir dei kontra med at alle bandmedlemmane nedstammar frå mesoamerikansk urbefolkning (så nær som den eine, men han er mann og far åt ditto.)
Om ikkje tunnellar er homo, er dei i det minste femi, å dømme etter dei (vegleiande!) varselskilta på dassdørene på Last Train.
Den generaliserte attributteringa av tolkningsmønstra er noko meir komplisert. Hugs at Dik Browne var amerikanar, og omsetjarane Espeland (som kanhende ikkje har gjort Hårek Berserk for Allers, lell om dei sto bak Hårek den hardbalne for Semic og avisstripene) var nynorskmenn. Fin poesi, forresten.
The myths about of the Temple are so fascinating. I was just recently made aware of the medieval "Testament of Solomon," which is referenced a couple of times in that really nice Temple book. The role of Solomon in esotericism/occultism through the ages is also discussed there.
Eg beklagar så mykje at det er under akkurat denne floffen eg blir nøydd til å leggje desse bileta som eg nett har komme over. Bygdeånda finst på så mange stadar i verda.
Eg er meir glad i Hellboy (også på film) enn Marvel og dét kinematografiske universet, men likevel tykkjer eg at Tønsberg rykkjer opp mot Røros på kulheitsskalaen etter Thor, Captain America og Thor: Ragnarok.
Ein satirisk ein, i så fall. Teikneserievibb, kunne ha vore ein donaldfigur.
Trur eg tok dette biletet for å melde i ein tjatt at det gjekk bra å bli forseinka elns. This is a cat checkpoint. Relinquish your most recent cat picture on your phone.
Flatøybok har originalen: "Sendemennene dro tilbake til kongen og sa ham alle disse ordene fra møya, og mente hun var skikkelig djerv og uklok, sa det var rimelig om kongen tok henne med vanære. Men kong Harald sa at denne møya ikke hadde sagt eller gjort noe dårlig, slik at det var verdt å hevne…"
Eg har teke fram bandet av Are Sende Osens _Kongerekka_ der dette er teke opp, frå hylla. Her er kjeldelista hans, forresten:
Også apropos partysvenskar; medan eg leita i fotoarkivet – takk og lov for maskinlærte biletattkjenningsalgoritmar – fann eg dette særs tidsriktige barkartet frå ei vårnatt i 2010. Diverre har eit visst slør senkt seg over minnet mitt i medan, men einkvar staden i Youngstorgsdistriktet var det nok.