Øystein Hellesøe Brekke
@oysteib
Omsetjar, språknørd, historikar, grøn, liberal, bygdebokredaktør. Har skrive nokre bøker, kjøp dei. "Kontoret - Hanseatenes historie" er ute i mjuke permar no.
162: Hagesnigel, Cepaea hortensis. Den mindre kjende fetteren til hageslangen. Spansk Wikipedia hevdar at han er etande. Dei om det. Dei er ganske vanlege i hagen min, men dei et visst helst visna blad, heller enn å ribba levande blomar. Håpar det stemmer.
Det er ingen treff i statistikken på "Øystein". Franskmenn er sprø.
161: Neslesommarfugl, Aglais urticae. Ein av dei vanlegaste, eller iallfall oftast sette, sommarfuglane i Noreg.
Eg synest eigentleg det mest klin sprøe i saka er dette sitatet. Kor sinnssjukt privilegert liv lever du når du trur at dette er noko folk vil nikka gjenkjennande til?
Men heilt ulike ting i løpet av saka. Altså, språkleg sett er alt dette tull. Politisk sett undrar eg meg på korfor Tonje Brenna har valt å profilera seg på å til stadigheit kjefta på veljarane.
Eg er stort sett ikkje ein valdeleg mann, men den som kom på formuleringa "utfør varsomhet" burde bli karnøfla. VER FORSIKTIG/VARSOM for svartaste!!!
Bonus for språknerdar: Her er ordet for hassel på ymse språk. Treet, altså. #etymologidag
160: Hassel, Corylus avellana. Det er bøttevis med hassel rundt omkring, men eg har aldri sett ei hasselnøtt i skogen som ser stor nok ut til å vera menneskemat. Det er menneskeskapte variantar som får fram dei nøttene me kjøper i butikken.
159: Augesmellar, Denticollis linearis. Smellarar er artige fordi om dei hamnar på ryggen, kan dei "smella" med skalet på ein slik måte at dei hoppar høgt i lufta og forhåpentlegvis landar på beina att. Me har tre-fire sortar her i strøket, og dette er ein av dei.
158: Lauvsongar, Phylloscopus trochilus. Den vanlegaste fuglen i Noreg, me har mellom 9 og 22 millionar. Likevel hadde eg aldri sett han før eg vart fugleinteressert. Liten og sjenert. Kvar haust flyg dei frå Vestlandet til Afrika sør for Sahara. Det er faktisk heilt sprøtt når ein tenkjer på det!
157: Ein bladveps av arten Pristiphora appendiculata. Eventuelt ein stikkelsbærbladveps. Denne tråden er jo helst positiv til natur, men akkurat denne jækelen slit eg litt med. Ein skokk av larvar av denne ribba stikkelsbærbuska mi fullstendig. Åt opp kvart einaste blad. Eg var middels dårlegnøgd.
156: Ein art av augnetrøyst, slekta Euphrasia. Det finst veldig mange veldig like artar av augnetrøyst, så det gir eg opp. Dette er ein art der Ivar Aasen ikkje vann fram - han brukte "svoleblom", etter Telemark, men det danske namnet har blitt verande. Visstnok brukt til augemedisin før.
Fọgr er hlíðin, svá at hefir hon mér aldri jafnfọgr synzk, bleikir akrar en slegin tún, ok mun ek snýja heim aptr ok fara hvergi.
I "Ufred" intervjuar Åsne Seierstad ein rik russisk ungdom som er svoren Putin-tilhengar. Far hans kan ikkje få statlege kontraktar, for han er ikkje nær venn av Putin. Det seier denne Putin-ungdommen rett ut, men det får han ikkje til å støtta Putin mindre. Det er slik han meiner det skal vera.
155: Ein art av urteblomsterfluge, slekta Cheilosia. Det finst rundt 450 artar av slekta, og dei fleste er svarte og kjedelege. Det betyr at det er vanskeleg å halda styr på dei, og det er masse rot med ulike namn på same art og kor mange det faktisk er.
154: Ein skogmålar av slekta Dysstroma. Det finst fire artar av skogmålar i Noreg, og dette er kanskje flekkskogmålar. Eller kanskje ikkje. Den belgiske artisten Stromae likar ikkje desse skogmålarane.
153: Bartreløpar, Rhagium inquisitor. Det er ingen edderkoppar i denne tråden fordi eg, øh, ikkje likar dei. Då eg plutseleg såg denne på altenen, skvatt eg litt, men det er altså ei bille. Berre seks bein. Likar seg mellom barken og veden, og er absolutt ikkje ein edderkopp.
152: Bjønnkam, Blechnum spicant. I motsetning til dei fleste norske bregner, har denne to ulike blad, her eit blad med sporer. Norske dialektar har vore einige om at det er ein kam, men nokre stader var det kje og andre stader bjørn som brukte han. (Eg trur ikkje eigentleg det er nokon av dei.)
Revenge for 1808! Napoleon did nothing wrong! en.wikipedia.org/wiki/Battle_... #grudgematch
151: Ei bladlus av slekta Macrosiphoniella. Som betyr noko sånt som "langt sugerør". Som hageentusiast er eg ikkje voldsomt begeistra for bladlus, men eg har dei, og eg forar dei rikeleg. Kjekt for marihønene, iallfall.
150: Gulskolm, Lathyrus pratensis. Ein av ganske få blomar som har ulikt namn på bokmål og nynorsk. Dei brukar "gulflatbelg", som på dansk. Ivar Aasen hadde "gult skolmegras". (Skolm og belg er jo det same.) Ganske fin blome som trivst i grøftekantane her.
Quite interesting: In Voss, Norway, June 1945, just after liberation, a farmer went to his summer farm, which he found had been broken into. Someone had spent the winter there. On a page torn from a book, they had written this message:
Men dei planla, ifylgje "Sportsmanden", å reisa til USA og spela vennskapskamp der! Vart den kampen noko av?
Det ser mildt sagt ut til å ha vekt lite oppsikt òg. Her frå "Sportsmanden". "Vi tror det er fornuftig." Ok.
149: Ei bandfluge av arten Tephritis vespertina, som ikkje har eit eige norsk namn. Kunne kanskje blitt "kveldsbandfluge", om ein skulle omsetja det vitskaplege namnet. Ei ganske lita fluge, som lever på, og tildels inni, blomar.