Ole Svarthumle
@svarthumle
The night isn't dark; the world is dark. Louise Glück Betalande medlem i MDG, Europarørsla, NTL, DNT og Woke.
At han ikkje har fått andre til å bite på, er vel òg eit hint om at tolkinga kanskje ikkje held heilt vatn. Men for all del, alle lesingar har noko i seg.
Foreign Policy tykkjer tydeligvis at det er nødvendig for forståinga av saka då. Men pytt. foreignpolicy.com/2026/07/23/o...
Les meg opp før eg skal på kino i morgon og sjå denne roadmovien alle snakkar om.
Den er grådig grei du. No byrjar eg å få ei kjensle av at dei kanskje IKKJE kjem til å nemne det neste gang. Rart det der.
Her kunne jo Aftenposten for skams skuld lagt til at Elon Musk i tillegg til å vere gründer er ein høgreekstrem aktivist som oppfordrar til rasekrig, og som politisk er på linje med utøyaterroristen. www.aftenposten.no/kultur/i/xr9...
Ei fin og velskriven filmmelding, men eg trur kanskje Agamemnon, spesielt med tanke på det oppblåste og skøyre sjølvbiletet han held seg med, ville vore temmeleg misnøgd med å verte omtalt som Odyssevs høgre hand. www.rogerebert.com/reviews/the-...
Det er greitt. Heilt greitt. Og du tok ikkje feil om USA heller, berre så det er sagt.
Forstår kva du meiner, Jon, men som den gode kommunisten du er, veit du at systemet er syndaren her, ikkje individet. Dommaren er like mykje eit offer for korrupsjonen og kapitalismen som du er.
"For a small fee, of course. Very small, a token of appreciation more like it, I know Johnny you know."
Jon Michelet i VM-boka 1986, men interessant nok LIKE aktuelt førti år seinare.
Hmm, godt spørsmål, Arild, men eg trur nesten eg må gå for nei her.
Ok, eg skal modererere meg litt. Eitt ord var det kanskje, men det er så vagt og veikt.
Eg har faen ikkje ord. Berre legg ned heile Klima- og miljødepartementet og gi makta til Fremspartiet. Dei er i det minste ærlege om at dei drit i alt. www.morgenbladet.no/samfunn/mini...
Så regjeringa innrømmer at fjorden ikkje ville tolt noko særleg meir enn eitt år til med dumping? Spennande. www.nrk.no/vestland/reg...
Aftenposten med verdas strengaste definisjon av festival. Det er ikkje nok med masse konsertar, faktisk, dei må overlappe kvarandre. www.aftenposten.no/kultur/i/8pR...
Slike sterke vedkjenningar høyrer vel meir heime i ein skriftestol enn på framsida til statskanalen. Brutal sjølvkritikk frå Saltvedt her. www.nrk.no/fotballvm202...
Næraste eg har vore Brasil i det her VMet (og i det forrige for så vidt), er at eg høyrde på Clube da Esquina til oppvasken i dag.
Bla bla bla kommentatorvås. Sanninga er at det er altfor mange lag, altfor mange kampar og VM varer altfor lenge. VM i USA er vagt, ufokusert og umogleg å følge med på viss du ikkje er nørd. www.nrk.no/fotballvm202...
Folk er forskjellige. Eg, til dømes, ville tenkt at det var spam eller phishingforsøk, og sletta e-posten ulesen. www.aftenposten.no/karriere/i/e...
Gjekk på bokhandelen tidlegare i dag for å kjøpe ferielektyre, nærare bestemt "Talking classics" av Mary Beard, men fonten var frynsete og permen knirka, så eg kjøpte denne boka i staden. Ho er tjukk og har veldig lita og litt bleik skrift som ganske sikkert er uleseleg i sterk sol.