Vikingstatistikk
@vikingstats
Statistikk for Viking fotballklubb og Eliteserien. Er også glad i Forus og Gausel Idrettslag. Epost: vikingstatistikk@gmail.com
På bortebane har Edvin Austbø vore involvert i 16 seriekampar på rad der Viking har fått med seg poeng i samtlege. Dermed har han tangert klubbrekorden til Hans Edgar Paulsen.
Edvin Austbø er Vikings største poenggarantist. Dei 33 siste seriekampar han har vore involvert i, har Viking har fått med seg poeng.
På heimebane er det Kristoffer Askildsen som har flest med 14 på rad.
Peter Christiansens seiersrekke i serien for Viking stoppa i Sarpsborg og enda på 16 kampar. Ein som ikkje var med der var Edvin Austbø, og han er den som nå står med den lengste aktive seiersrekka i klubben med 14.
Då Zlatko Tripic pådrog seg gult kort mot Lillestrøm tangerte han André Danielsens 45 gule kort for Viking i obligatoriske kampar. Men der Danielsen brukte 396 kampar, har Tripic kun brukt 222.
Zlatko Tripic gjorde ingen feil på årets første straffe, og er dermed oppe i 28 straffemål for Viking på 29 forsøk.
Då Edvin Austbø scora vinnarmålet mot Sandefjord, noterte han seg samtidig for sitt 9. innbyttarmål for Viking i obligatoriske kampar. Med det tangerte han Jon Dadi Bødvarsson, Sander Svendsen og Veton Berisha, og har nå kun Vidar Nisja (10), Bjørn Berland (12) og Hannes Sigurdsson (15) over seg.
Zlatko Tripic fekk seg eit mål mot Sandefjord, noko som var hans 72. mål i obligatoriske kampar for Viking. Han tangerer dermed Håkon Kindervåg på delt 10. plass.
Morten Jensen og Bjarte Lunde Aarsheim er i ferd med å rykka opp ein plass på lista over Viking-trenarane med høgast poengsnitt. Duoen og Tom Nordlie står begge med 57,1%, men om ein legg til ein desimal til, har Nordlie 57,14, mens Jensen/Aarsheim har 57.05.
Viking har etter 13 serierundar slått 11 av dei 15 motstandarlaga i Eliteserien. Kun i 2015, 2021 og 2025 har dei slått fleire (ved sesongslutt).
Viking har så langt denne sesongen vunne 6 av 13 seriekampar med eitt måls margin. Det utgjer 46,2%. Kun Lillestrøm 1989, Fredrikstad 1972 og Tromsø 2023 har hatt større andel. Marginer.
KLUBBREKORD Viking har vunne seks seriekampar på rad borte mot Lillestrøm. Den gamle rekorden var mot Sarpsborg 08, og var på 5 kampar mellom 2020 og 2024.
100 - Så mange kampar er det sidan Viking sist spelte 0-0 i ein seriekamp på bortebane. Den forrige rekorden var 51.
Vikings 2-1 seier heime mot Sandefjord var klubbens 10. på rad der dei har scora to eller fleire mål. Det er klubbrekord. Den gamle rekorden var 9, og dette har dei klart fire gonger, sist i 2019-20.
Viking vant den siste heimekampen mot Sandefjord 2-1. Dermed stoppa rekka med tre eller fleire mål scora på heimebane på 9 kampar. Det er klubbrekord. Den gamle rekorden frå 2024-25 var på 7 kampar.
Vikings scoringsrekke i serien blei avslutta med 1-0 tapet mot Sarpsborg. Då hadde Viking scora i 33 strake seriekampar. Det er klubbrekord. Den gamle rekorden frå 2021-22 var på 28 kampar.
Vikings seiersrekke i serien blei avslutta med tapet mot Sarpsborg den 12. juli, og enda på 9 kampar. Det er den nest lengste i klubbens historie.
Viking inntok førsteplassen før VM-pausen og tok dermed innpå nokre store jafs på Tromsø på lista over klubbane med flest dagar på tabelltoppen. Tromsø leiar med 72 dagar, Viking følger så med 56. Bodø/Glimt blei lag nr. 6 denne sesongen til å ha toppa tabellen.
I dag er det den første årsmarkeringa av «In your fucking dreams»-dagen. Gratulerer med dagen til alle mørkeblå. 💙
Eg kom meg til Frankrike og Rocroi i tide til å sjå Frankrike-Spania på pub på sjølvaste Bastille-dagen.
Her er eit norsk «Maradona mot Belgia»-øyeblikk, og det enda med mål tre sekundar seinare.
Viking har rekruttert spelarar frå 8 forskjellege islandske klubbar. Amir Cosic er den andre til å bli henta frå KR. Den første var Rikhardur Dadason.
Amin Cosic er klar for Viking. Han er islending nr. 18 til å signera for Viking.
Søkte kjapt på Morten Jensen og Sports Illustrated. Ikkje akkurat ein feature-reportasje, men likevel...
Erling Braut Haaland scora sitt 60. landslagsmål i sin 53. kamp mot Elfenbenskysten. #ustoppeleg
Trur du oversåg denne kampen, @kasperwikestad.bsky.social, når du leita fram siste kamp med høgare tilskodartal enn i går.
Viking skal nå i følge RA ha ein avtale som gjer Romano Postema til vikingspelar dei neste fire åra. Dette er den andre nederlenderen til å signera for Viking. Den første var Shayne Pattynama som kom som nederlender og reiste som indoneser.