Båengen 🏳️⚧️🏳️🌈🌀🦇🐦⬛🐈⬛🌕🖤
@baading
Byting (AuDHD). Fritenkjar. Funkis. Grønsaksetar. Lingvist (sjølvlærd). Målreisar. Narkoaktivist. Skogfinne. Trans-antifa-ekstremist. 🍃🍄🟫💊🌀 ✌️💚🌈 ACAB! Fri 🇵🇸! Føkk SWERFs! Nettstad: lumismaal.org
Dance dance revolution hadde ikkje so mange kjende songar, men dei hadde lmfao, og megalovania frå undertale
Her er nokre eg likte, men eg skreiv ned namnet på alle eg likte. Vart lang liste til slutt. Han har veldig interessante måtar å vise kropp og fjes på, at han i hovudsak ikkje bruker fjes i detalj for å vise emosjonar. At han klarer å vise korleis noko følest.
Den som tek denne referansen får mange plusspoeng hos meg #fredagsselfie #selfiefredag
Åt vegansk vietnamesisk mat i dag. Veldig godt. Kan anbefale Eathappy Vegan.
Eg har faktisk laga 3 fysiske fanzinar no, som eg planlegg å gjera tilgjengeleg ulike fysiske stader. Skal sjå om nokon tek imot dei i Oslo, men dei vert i alle fall tilgjengelege i Trondheim.
Eg har no laga ein fanzine av ein av dei største artiklane mine. Dei er å få på bokkaféen når eg leverer dei der. Eg kjem til å laga fleire i framtida, anten med enkeltartiklar, eller med tema og ulike ting.
Fascinert over at nesten ingen stirrar på meg i byen, medan i bygda att kan eg verte stirra på og kommentert på berre av hatten åleine. Ikkje rart at alle skeive/alternative flyter til byen. Konformismen er dryg og absolutt. Spent på blikka med det nye håret når eg fer tilbake
Vart grei haul. Då har eg eigenleg smykke av dei fleste æsene og figurane eg liker. Diverre vart det ikkje mjølne. Var veldig sliten og masse folk. (Farleg med skattefri juni) Kjøpte ingen hjalmar til tusenvis av kroner.
Det var fleire regnbogeflagg på marknaden/bygdatunet i dag :)
Her er nokre bilete frå vikingmarknaden utanfor Hovin. Masse folk i historiske kostyme, kamoppvisning, føredrag, mynt- og smykkelaging, og midsumarfeiring. Var overraskande mange folk til å vera so langt unna Trondheim.
Det var litt å gå opp til vikingfestivalen. (Var ganske flott der, mykje shopping)
Merk at hatkriminaliteten mot skeive, so handlar det faktisk minst om hatytringar av nesten alle kategoriar hatmotiv. Det er altso fysiske handlingar eller trugsel om vald mot skeive som er stor del av prosentane. Skadeverk er vandalisme/skader mot gjenstander og vinning er tjuveri, td prideflagg.
246 melde saker i fjor hadde seksualitet som hatmotiv, 92 kjønnsuttrykk, av totalt 1275 melde saker med hatmotiv. Det største motivet er oftast hudfarge eller etnisitet, gjennom heile året, med unntak av i juni. Då er det mest saker om seksualitet, og auke på saker om kjønnsuttrykk.
Har øvd meg på å risse runer. Er eigenleg ganske nøgd. Trur med litt meir trening på større greiner, so kan eg verte ganske flink. Kutta finger og blødde masse berre éin gong.
Då har eg øvd på å skrive setningar med sitelen pona, kor eg har brukt kvart ord/symbol minst éin gong.
Det er ikkje alltid det er so lett å gjette kva eit ord betyr, men om ein ser på symbolet kan ein ofte gjette seg fram. telo er vatn, tenpo er tid (som latin tempus), toki er snakke/språk (som engelsk talk), tomo er hus.
Øver på å teikne symbola til toki pona. Dei heiter sitelen pona, og kvart symbol er eitt ord. Dei er veldig enkle og viser kva ordet betyr. Veldig nyttig å memorisere saman med orda, for å hugse tydning. Toki pona har berre omlag 120–140 ord, so veldig få å memorisere.
Her er bilete av myntane ein laga i 2012. Usikker når dei slutta å bruke dei.
Her er stelo-myntane. Dei var faktisk skikkelege, fysiske myntar!
På Letterboxd har eg ei liste for ikkje-engelske filmar. Eg trur ikkje desse er alle språka, men det er dei som visest. Alle dei danske filmane har Mads Mikkelsen, og dei er heilt fantastiske. Mykje Trier. Koreansk krim og Park Chan-Wook. Anime. Hong Kong-filmar med Kar-Wai Wong.
Då har eg fått siste pakken frå Adlibris nokonsinne. So då får dette vera med på det permanente biblioteket mitt av bøker om/på konstruerte språk. Her har eg fått til mummidalen og masse anna på esperanto, og bøker på/om interlingua, klingon, láadan, elefen og neo-sindarin.
Har sett denne stakkars litle babyen rundt blokka i det siste. Har sett han tidlegare, men då har han sett mykje finare ut. Han ser so sliten og ustelt ut :(… Men! Eg kontakta nokon og no er han redde for omlokering.
Er i den fysiske media-eraen min. Fekk endeleg pakkene frå Platekompaniet.