Bjørn Hermundstad
@bhermundstad
Lett middelaldrande valdris busett i Bergen. Går i film, cinematek, breddefotball, lågare divisjonar, statistikk, lister, dialekt & Vazelina. Trivst på quiz under Bergen Spillfestival 😊 Letterboxd: boxd.it/3S2vB Colchester/Lyngbø/Øystre Slidre/Valdres FK
Fin flyt og god variasjon. Nightbitch var fæl (stakkar Amy), Roger Rabbit eit fornøyeleg gjensyn, retninga historia tok i The Bone Temple likte eg rett og slett ikkje (men har trua på den neste), medan Rocketeer var artig og underhaldande tull og tøys 🚀 #LastFourWatched #LetterboxdFriday #filmskya
Gjensynet med Affeksjonsverdi nærmar seg, det gjer det. Så får vi sjå korleis eg reagerer på å sjå Inga att i sjølve filmen, no vert eg jo framleis rørt berre av å sjå ho i traileren. Ein strålande rolleprestasjon 🌟 #filmskya
Okay, Brian, siste sjanse for no! Men: eg har jo sett den fleire gonger før, sjølv om det er nokre år sidan, og eg VEIT eg liker den. Så hvis det skjær seg i kveld, skal eg i det minste *vurdere* at det kan vere meg og ikkje deg 😄 #filmskya
Eg høyrde ikkje heile, men det verka jo nesten som ho prøvde å gje nasjonalsangen same behandlinga som ho i si tid ga Memory? 🤔 (Cats-omtala som vanleg eit blinkskot frå @montages.bsky.social)
Fyrste veke "post-Politiskolen". Minority Report sat ikkje like godt som eg håpte, Field of Dreams vart *veldig* amerikansk og egentleg ganske seig, Babycall var eit greit gjensyn (men ikkje akkurat nokon Naboer), medan Kraken var svak. Kort og godt svak #LastFourWatched #LetterboxdFriday #filmskya
Så ja: fæl film, fet fyr 🤩 Og totalt sett ei meir enn okay gjensynsrunde. Dei fire fyrste held seg greit, resten vart nok litt "på stålet" 😊
Og med det kjører vi siste "krampetrekninga" òg. Tross meget fet skurk meiner eg å hugse denne som temmeleg seige saker, ja... 😅
Jaja, f**k it, vi dundrar på vidare! Er det sundag og ferie, så ER det sundag og ferie 😄
Dampen så smått oppe att i sommarvarmen. Godt og givande gjensyn med A.I., medan Politiskolen 3 framleis funker - så vidt. To påfallande like til slutt, og der den eine (tross alt) klarte å tøyle galskapen ein smule, vart den andre til slutt litt...mykje #LastFourWatched #LetterboxdFriday #filmskya
Blant tidenes artigaste filmscener i mine yngre dagar. Ikkje heilt borte no heller. Jaggu litt av ei type 😄
Kan det for øvrig vere fyrste gong eg har gått rett frå éi til fem stjerner, tru? Og attpåtil same kveld. Hadde jo òg gløymt kor god Fucking Åmål er 🏆
Eit nytt gjensyn det var på høg tid å få gjort. Noko datert var den nok, men framleis artig 😄 Rekk eg ein Marte Svennerud og kjem gjennom alle sju i løpet av juli, tru? Move it! Move it! Move it! #filmskya
Men uansett: dette vart jo eit godt tips til #mandagsfilmen Hatt den på blokka ei god stund, så då går vi for den! #filmskya
Prosjekt "Feil side ta Mjøsa 2.0", dag 3: Raufoss 2-Reinsvoll. Lite i aust i dag (med mindre ein reiser *langt* aust), så då vart det tur over til rette sida. Lokaloppgjer mellom to lag med spelarar som kjenner kvarandre godt, hhv. nr 13 mot nr 4 i 4. div Indre Østland #breddefotball #groundhopping
Prosjekt "Feil side ta Mjøsa 2.0", dag 2: Nybergsund-Skreia, framleis siste runde i 4. div Indre Østland før ferien. Bortelaget med 6 p og éin kamp til gode, men uansett nr 5 mot nr 3 her. Hadde NIL på blokka i fjor òg, men då "måtte" eg jo til Black River Park. Kjør! #breddefotball #groundhopping
Definer "roleg veke", liksom...éin ny, til alt overmål eit gjensyn. Men det var jo greit nok, det. Ikkje det heilt store, heller ikkje heilt elendig. Snake Plissken leverer som regel 😊 #LastFourWatched #LetterboxdFriday #filmskya
Prosjekt "Feil side ta Mjøsa 2.0", dag 1: Odal FK-Ridabu, siste runde i 4. div Indre Østland før ferien og nr 10 mot nr 4 på tabellen. Eg skifter nok over til sida med dei lokale etter pause, men denne nydelege tretribuna *måtte* eg berre få benytta 🤩 #breddefotball #groundhopping
Der, ja. Meinte å hugse eg hadde det liggande ein plass 😄 Tre mål, ein baklengs (på det påfølgande frisparket), pluss eit rabona-mål frå utanfor 16-meteren frå Erik Lamela. Grei kveld for ein Kane i startgropa ⚽️
Gode gjensyn (stort sett) og ein kinotur som skuffa. Merker at eg og De Palma framleis ikkje er *heilt* på nett, medan Carlmar og (så klart) Spielberg er ein heilt annan sak. Backrooms? Nei, den likte eg rett og slett ikkje. Renate er bedre enn dette 🌟 #LastFourWatched #LetterboxdFriday #filmskya