Frankenstenersen
@filmloftet
Skriver om film på Filmloftet: Sunnmøring, gift, og er ganske interessert i film og musikk.
Åh, eg må få sett denne! Har sett traileren, virkar hysterisk! Eg held på å sjå THE RIFT frå 1990 - der finst dårlege filmar, og latterlig dårlige filmar, the Rift er sisnemde. 😅
Storkosa meg med gjensyn av Hitchcocks «Suspicion». Rom-com thriller med raude flagg frå start og dritkul spindelvev-skuggespel (trur Hitchcock brukte skuggen i ein annan film òg). Joan Fontain og Cary Grant var magnetiske. Tommel rett opp!
Slo på stortromma og kjøpte Disclosure Day (2026) som då blir min laurdagsfilm. #filmskya
The Devil's Mouth (2026) reparerte ikkje den mentale skada, men eg såg heile. Ein gjeng turistar på sightseeing symjetur i ei grotte kor dei blir spist av ein oksehai. Sjå heller The Descent. Terminal-pila ⤵️
Spretta plastikken av denne CDen. Ikkje som forventa (ut ifrå coveret), men etter nokre gongar har eg fått sansen. Veldig chill og vakkert.
Blei ein #mandagsfilmen etter forma: Brothers Under Fire (2026) Kiefer stikker til Sør-Amerika fordi gunner-medic Alberto skal gifte seg. Alle er lykkelige, alle smiler. Bruda har ein fin kjole. Så kjem bror til ein kartelleder og krasjer festen. Sutherland tek affære! Terminal-pila: ▶ (midt på)
Tok eit gjensyn med Below (2002). 1943, Atlanterhavet. Starter som ein typisk Alistair MacLean krigsthriller, forvandlar seg så til ein Ubåt-spøkelsesfilm. God og original historie og flott produksjon. Terminal-pil ▲
På 2000-talet reiste eg mykje. No har eg ikkje vore på langtur sidan Gran Canaria i 2017 (bortsett frå Gotland 2x gongar). Det er rart å tenke på at eg loffa rundt i Sør-Amerika tilsaman 6 månader. Her er meg på Machu Picchu. Bak hovudet mitt ligg plassen Herzog filma opninga i Aguirre.
Og eg må tipse om Below (2002) som er skikkeleg undervurdert. Det er undervatn i ein ubåt, men ikkje ein typisk ubåtfilm, her er det spøkelser! Skal sjå om att og skrive om han. Blei sett i 2023. Digga den!
Primitive War (2025) Ein morosam miks av Platoon, Predator og Jurassic Park. Filmen bryr seg faktisk om karakterane sine, og brukar god tid på dei. Her dukkar det opp kjende fjes frå både True Blood og Battlestar Galactica! Denne filmen er faktisk betre enn dei tre siste Jurassic World-filmane.
Kveldens film: The Enemy Below (1957, på Prime US) Robert Mitchum skuffar aldri! Den tyske kapteinen er spelt av Curd Jürgens, som eg diggar i The Spy Who Loved Me. Snurr film!
You’ve been murdered. Who do you want on the case? Jeremy Brett - den beste Sherlock Holmes!
Eg er stolt! Kona har snekra saman denne monsterhylla i kjellaren heilt åleine. Ho rular!
Sirāt likte eg ganske godt. Litt sånn: om ein far og son hengte seg på karavanen i Sorcerer/The Wages of Fear, og der karavanen er vestlege ravepartynomader, og nitroglyserin er skifta ut med nådelaus ørken. Hjerte mitt fekk sjokk nokre gongar. For ei atmosfære her var!
Her fant eg det på fil->mediedeling og eg har cast til høgre i adressefeltet. Brukar mac.
Trur eg skal bli aktiv på Mubi igjen, som eg brukte før Letterboxd. Det kurerer abstinenser 😇
Fant ein heil bunke med sjølvportrett anno 1991, den gong det var populært å trykke trynet ned i kopimaskina på skulen. Kunne sjølvsagt ha solgt dei for nokre tusenlappar (proto-selfies) men no ligg dei på botnen av ein container.
Vi klarte altså å fylle opp ein 10m3 container og i dag blei den henta. Eg kan ikkje beskrive gleda og letta eg kjennar på no. Det blei kasta ting frå barndomsheimen (skule-skrivebøker, råtne leiker, osv.), arvegods, og ubrukelige ting som tek plass. Klær (10 sekkar) blei levert til fretex.
Her blei #mandagsfilmen KRAKEN, som er den dårligaste norske film eg har sett sidan Farlig Farvann (1995). Dialogen var frykteleg. CGI var gørr - alt saman! Overambisiøst lortverk!
Frå studentavisa - Herøy Ungdomskule - 9ande klasse i 1990 - Musikk topp 20. Elvane sine, og lærerane sine. Blaze of Glory var ein populær sang! Klarar ikkje å hugse bandet "Black Box", og "Snap". Kult at Faith No More havna på lista.
Fant ei "klassens avis" frå ungdomskulen. Eg var ein "Vidiot" og mitt standard spørsmål var: "Har du sett ....." - ja stemmer! Ingenting har forandra seg! haha 😂
Siste veka har eg og kona jobba hardt for å tømme heimen med unødvendige ting. Eg har vore nådelaus og kasta ting frå barndom og kun tatt vare på det med høgast affeksjonsverdi. Det er utruleg kor mykje drit vi har samla opp gjennom åra. Slik er det med apper og det digitale også. No e det nok!
Othello er glad, og vi er glad, for å ha fått heilt nye naboar rett utanfor stuevinduet: hestar!