Helga Lied Wyrtz
@helgaflute
Professional musician, Norway. Environment, arts, politics and goofery.
Eg VISSTE at det var ein idiotisk idé å vaske vindu. 🥺 Skitne vindu er sivilisasjon!
Planten min har hockeysveis, og eg føler dette seier noko om kor grøne fingrar eg har.
Mirković: Åh, for ei perle av ei bok! Ho beskriver så nydelig Balkan-folkloren ho vaks opp med, ekte, sansenært og varmt. Om å høyre heime to stader, og å vekse opp som halvt jugoslav, men plutseleg bli halvt serber istaden. Gylne glimt av humor, og sjarm til 1000. Les den! Finst på Fabel.
Tartt: Stillitsen Denne romanen treng redaktør. Endelause oppramsingar av dopbruk, ei oppveksthistorie med kunst, tragedie, skråplan. Eindimensjonale karakterar. Det finst lysglimt, men då den patosmetta avslutninga, med eterisk klokskap skulle toppe den lykkelige slutten; Herregud, Donna.
Kva i mørkaste Fritzlkjellaren er i vegen med folk som tenker at ein må maxxe hjarteskjærande i true crime- underhaldning, som om ikkje det er ille nok å bruke drap som underhaldning i utgangspunktet?
Er det sant?! Eg har også sett haren nettopp! Trur det var første gong. Dei har ein stamhare her, den heng rundt husa. Knipsa ekstremt dårlig bilete i går av den i fart.
We Can Have Nice Things Å hjelpe ein framand som hadde skada seg , få blomar på døra etterpå fordi ein er eit menneske som såg eit menneske utan å gå forbi.🥹
Eg er kanskje sjuk i knotten, for ✨️pensum✨️ i hus fekk meg til å glise. Eg starta like godt på den eine, kven orkar vente til alt blir travelt?
Haratischwili: Ta ned armane mine! Eg elskar denne. Politisk bakteppe som miksar samtida (d.v.s. det ekspansive Russland) og historia, usminka menneskeportrett og eit rikt, blømande språk. Heldig er den som tek denne med på ferie! @drumsgard.bsky.social var det du som foreslo?
Meg, forelderen: No har du vore inne så lenge eg kan hugse, kom deg ut og leik! -Men det regnar! -Eh, ja, det finst ikkje dårl
I'm just a gal who HADDE RETT HEILE FØKKINGS TIDA ved ein fjord staten framleis har lyst til å gjere om til gruveslamdeponi, banna bein.
We Can Have Nice Things Å komme heim lit før midnatt, og det er lyst, mjukt og vidunderlig
Kvar gong eg opnar Fabel-appen får eg opp Arne Bye sitt tryne. Det gidd eg jo ikkje.
1. Folk kjøper TVar på storleik med ein liten bil. 2. Fordi det er VM. Det var to skandalar i eitt smekk.
Oi, eg er den første som les denne boka, den er heilt strøken. Anten har Bergen off. bibliotek mange eksemplar, eller så har bell hooks få lesarar. Eller kanskje dei måtte erstatte eit utslitt eksemplar? DET håpar eg!