Lene Johansen
@lenejohansen
Historian, middle school teacher, former journalist, first in the U.S., more recently in Norway. Editor i Liberaleren.no. Economic history, natural sciences, and the amazing kids in my school brings me joy.
Skogen er full av flotte blåbær no. Ut og plukk! Eg lagar blåbærsyltetøy med kanel, vanilje og balsamico i dag.
Tidlegare eigar har brukt handverkarar som tok nokon snarvegar. Her ser dykk resultat av utetrapp utan impregnert trevirke. Maling er ikkje godt nok. Men det ser ut til at sjølve trappestammen er impregnert, så eg kan få ny trapp med "berre" nye trappetrinn.
Ikkje mykje sopp å finne. Det er for tørt. Men ei halv bøtte blåbær er ikkje noko å kimse av.
Altså, eg veit kva det her ser ut som, men det er brennesler. Jeg lover! Ha hausta neslefrø som blir til lokal versjon av chia eller quinoa. #sanking
Det er ein livskunst og tolke alt i beste meining! Saksa frå Norsk Tidend.
Joda, du ser heilt rett, nokon fektar i Tøyenparken. Eg elskar den parken.
Kostymesal på Det norske teatret i dag. Det var fullt med folk, varmt og klamt, men eg fann to fine kåper.
Skoleferiedagbok: dag 9 Eg skal ikkje ljuge, denne haven er overveldande, og eg har to mål til...
Skoleferiedagbok: dag 8 Fire timar og ti minutt med utdrag frå Pelicot-saka. Eg grua meg, det meste var kjend frå før, men det er noko med alle detaljane. Eg forstod dessutan ein del ting på ei anna måte no, etter å ha lest @morgenbladet.no si sak om tenåringsgutane sitt indre liv.
Skoleferiedagbok: dag 7 Stille dag i heimen etter ein lang og sosial helg. Og det er litt skremmande å sjå et autoritært Norge med planøkonomi og sjølvberging i Festing Norge på Prime.
Skoleferiedagbok: dag 6 Utdrikkingslag for Oslos beste lærar, Anette Skoglund. Ho vart henta kl. 6:30 på morgonen i dag og held framleis stand. Fleire av gjestene har gjett opp allereie.
Skoleferiedagbok: dag 5 Sykling i regnet på veg til jobb, inkludert ein lastebil som sendte ein stor vatnbølge over heile meg. Brannalarm på jobb med oppstilling på Ullevål stadion. Òg endeleg 5. plass på quiz på O'Reillys med Bygdedyrebeskyttelsen, eller Bygdedyrevernet på riktig mål.
Skoleferiedagbok: dag 4, sjølv om klokka strengt tatt er dag 5 Sommarfestsessongen i Oslo har offisielt starta med den gjevaste av dei alle, @civita.bsky.social sin. Først innom vorsen til Gamer med @odarygh.bsky.social Som vanleg var årsmeldinga frå @kristinclemet.bsky.social kveldens høgdepunkt
Skoleferiedagbok: dag 3, òg litt sein Eg skal ta meg sjølv igjen i dag. Det kan sjå ut til at det blir enda eit år med maksimal morellhaust i bygården vår. Både fuglar og naboar pleier å forsyne seg godt, og det er dei vel unnt.
Skoleferiedagbok: dag 2, litt seint Vinbergssnegle, Flöghult Eg brukte dagen på å køyre til gjenbrukstasjonen og handle inn til 50-årsdagen til maken. Sneglane koste seg godt med regnet. Vinbergsnegl er ein framadart i Norge, men ikkje i Sverige. Dei og leopardsneglen er alltid velkomne.
Skoleferiedagbok: dag 1 Ja, eg startar tidleg. Eg har typ to timar igjen av heile skoleåret. Bilete: Slettsnok, Krokstrand, Sverige
Eg fann artiskokkar. Så store har eg aldri sett deg. Eg trur vi har ein lunsj klar d nne helga. God Pinse!
Eg sit her og ventar på ein båt, som om eg var ein vestlending eller noko...
Tja... For oss som betalar rekningar i Sverige er ikkje dette synleg. Og for oss som handlar som normale forbrukarar, som vil ha grønsaker og fornuftige mengder stemmer ikkje dette reknestykket. Pølsemat, grillmat og høgprosseserte karbohydratar stemmer det nok for.
Dødsannonsar er betre på bokmål seier Peder Lofnes Hauge på markeringa av nynorskdagen i Oslo.
Oslo Kommune skal ha innbygjarundersøking og eg har vorte invitert til å delta. Alle stader eg kan, ber eg om at det offentlege skal kommunisere med meg på nynorsk. Mållaget i Oslo, er det største mållaget i Norge. Korfor får eg ikkje det valet av kommunen? Eposten spesifiserar at norsk er bokmål.
Eg vil berre seie at Akerdrakta har lomme!!!! Sånn er det når ein har moderne bunad basert på mote frå 1908.
The Young Suffering Ensemble er kveldsunderhaldninga på landsmøtet til Noregs Mållag. Dei omset songar om ullykkeleg kjærleik til nynorsk, og er vidunderleg morosame. Ser dykk Harry Hole på scenen? Ein av musikarane har vost ein wlapp capo i kveld. www.instagram.com/youngsufferi...
Det har vore mange år sidan sist, men endeleg har eg fått mental ro nok til å ta opp ritualet med papiravis på laurdag morgon. Det er noko, det.
Jeg er lei meg for å høre det. Det er ikke områder som er forberedt på å forminske konsekvensene av jordskjelv. Som tidligere vitenskapsjournalist må jeg påpeke at Richters bare er laget for kysten av California for lenge siden. Vi bruker Moment Magnitude Scale MMS i disse dager.