Åsmund
@agjare
Bur i Stavanger, matematikklektor på Strand VGS, utdannar matematikklærarar på si, PhD, skriv nynorsk. Grøn. 'an/'an
Museumsjernbaner i UK er eit eige fenomen. Koselege gamle stasjonar og skikkelege damplokomotiv. Gåvebutikkane og pensjonistane som driv dei er like overalt (og dei blir alltid like forbløffa av kortbetalingas mysterier). Verda går litt saktare på slike stader.
Sett alltid pris på at folk tek med snop heim frå tur. Desse var gode. Men lurer VERKELEG på kva som har fått produsenten til å tenke at det er ein god idé å lage kulerunde drops med diameter 0,5 cm 😬
Presterte å få denne jækelen inn under tommelneglen. Heilt. Inn. Den er 2 cm lang 😫 Godt gjort at eg har overlevd inn i 40-åra 🙄
Har i det siste "oppdaga" bøkene til Ursula K. le Guin. God fantasy har det med å vere høgaktuelt til alle tider. Så også med The Farthest Shore. I boka ser verda Earthsea ut til å gå i dass. Avlingar sviktar, kunstnarar lagar ikkje kunst, fagfolk gløymer handverket sitt og magien verkar ikkje. 1/?
Mosvatnet er ei perle i Stavanger. Heilt rett å gjere vasskanten til naturreservat. Yrande fugleliv. Og natursenteret har vaffel!
Hårfint, etter at Chalamet vart diska under tvil etter å ha stilt opp i desse, som juryens fleirtal ikkje kunne godkjenne som "briller"
Puttar litt tubalyd i feeden din i tilfelle nokon lurer på kva ein tubaist driv med i eit amatørsymfoniorkester (eigentleg er det stort sett å vente på tur for å spele litt)