Ei uro er kommen over meg eg trefte knooten att
@knooten
Erru libberal, din jæævel!?
Filmen er altså så vanvittig dårleg, men dette er nok den filmmusikkplata med høgt konsept eg har høyrt mest på sidan den gongen. Og det på den kassetten eg kjøpte på Rilla platebar! Har endeleg fått oppgradert til litt meir tidsriktig format.
36: Maigret og kanalmordet (Le charretier de la Providence) Fin, Maigret syklar ein del og så ligg svaret langt tilbake i fortida som i ein annan Agatha Christie.
Er i Bergstadens ziir (sjekka inn i kyrkjeappen så klart) og lurer på salme nummer tretusentohundreogførti
35: Denne boka om neandertalarane. Oppdatert fram til 2020, eg les gjerne ei oppdatering om nokre år. Minst ein av forfattarane har fått premie for framståande bokmål, det har kanskje gått til hovudet på dei slik at dei slurvar overforbruk av komma og engelskklingande formuleringar
Såg Odysseen i kveld, på veg ut fekk eg ein sjølert med Dag Solstad
Om eg hadde hatt ei krone for kvar gong Rolf Søder slakta ein sau i ein film frå 1959 hadde eg hatt to kroner
How else are we going to describe the horrors?
- Åssen edde, e det røvvin eller vidvin til porke?
Er rettnok på Ibsenmuseet, men den kyrkja har eg vore så mykje i at det får gå.
Elles er eg i gang med denne, det er kos og sjøl om eg er glad for at eg har fått låne denne frå depotbiblioteket ligg det i korta at eg må få meg eit brukt eks
34: Maigret og blindpassasjeren. Hadde lese den før, det gjorde ingenting
33: Himmel og helvete, Espen Svenningsen Rambøl si bok om Øyvind Vennerøds film. Det mest sjokkerande var opplysningane om internasjonal distribusjon og Lillebjørn Nilsen sitt svar på Harald Kolstads flengande kritikk. Minst ein moot på lista over økonomiske bidragsytarar :)
Alle desse såg eg førre helg. Dei til Vigo utmerkte seg ved å vere digitaliserte med utgangspunkt i ganske slitne visningskopiar som neppe hadde fått fjerna støv og drit ein gong. Sat elles og gotta meg heile speletida til dei andre to, god film i lekre utgåver er digg #letterboxdfriday #lastfour
32: Maigret og mannen uten hode. Som vanleg bra så lenge Maigret strevar med å forstå eit miljø, her var løysinga litt sånn javel.
31: Kalle Løchens bok om Stella Polaris i serien norske filmklassikere. Var ikkje med på folkefinansiering av denne, men fekk eit eks av Kalle likevel. Likte boka!
30 (trur eg, har hatt nokre oppdrag i tillegg): Artificial Condition. Like lettlesen som den førre
I vinter posta eg eit bilde av det fjellet eg er på no sett frå nedi der
Dette er iallfall gulmaure, er aetsorakelet ganske sikker på
Ganske sikker på at den kvite flekken der er balderbrå, ikkje heilt bra
Hadde ikkje med noko å plukke bær i, så då får eg plukke søppel i staden
Har ikkje ferie, men tid til å gå litt med bikkja før dagens einaste møte. Kva er greia med at alle sånne sommardagar kjennest som det er den første?
Dette har teke eit par veker, men er jo ei ganske sterk rekke. Dei to i midten såg eg i Tancred, til og med! Blir meir italiensk film om politi og organiserte kriminelle i framtida, kjenner eg #letterboxdfriday #lastfour #filmskya
Når elevane og lærarane har teke ferie er det lettare for oss andre å plukke sopp og bær i arbeidstida
Og så er det jo desse mørkeblå lyspunkta
For 15 år og 51 veker sidan tok eg dette biletet av svogeren min i Aabenraa, viss nokon i selskapet kler seg i kaki kan du få til noko liknande
Kor mange utlendingar får ein skuffande start på dagen ved frukosten?
Er granne med Jon Fosse i natt! Ikkje at det verkar som han er heime.
Godt eg ikkje treng å deite, den nyaste sjølerten min er frå juleselfietråden.