Erlend
@kokorinho
Erlend frå Sandane. Innehavar av milliardbedrifta Sindie Concerts. Brann, Sabbath, Ramones og Thåström. Spurs også, men er gått lei PL. Formerly known as peiling på russisk fotball. Ikkje no lenger.
Sjuuukt flott i Solvang kolonihage. Stinn brakke omlag. Selma ferdige. Snart Ethnobabes og så Gary Olson frå The Ladybug Transistor.
Eit nytt tips rett borti gata er MiTea & Sushi i same lokale som den store matbutikken Afood i Lakkegata 3. Der får du sjeldenheten 42 bitar sushi av heilt ok kvalitet til 329 kr.
Til VIF away anbefales Punjab Tandoori på Grønland. Lynrask mat og vanleg Hansa + denne på tapp.
Brann til Cluj etter at dei tapte for Dynamo Kiev på straffer. Lurte på kor langt tilløp han trengte. Var på veg ut av skjermen.
KI seier det truleg er øyrebeinet til ein sel eller kval. Søk nr 2 seier det kan vere fossil.
Fekk nær-Brann-skuffa-kjensle i går. Ikkje resultatet, for då var eg berre oppgitt over noko som burde/kunne vore ein siger. Men sjansen. Kjem til å heimsøke meg til neste VM. Sørloth var diverre Norges by far svakaste i heile VM, og det kulminerte i den enorme sjansen sjølv eg hadde utført betre.
Skulle male hus på fridag. Kom ei helsikes byge uanmeldt. Akkurat det mislikar eg veldig sterkt med Bergen. Blei sparkesykkeltur og is med utsikt mot eige burettslag.
Det einaste eg brukar KI til er å sjekke om t.d. albumcover eg likar (av band eg likar) hadde tatt seg bra ut med bandnamn bytta ut med klubbnamn i noko som er nær originalfont. Her Dopesmoker av Sleep.
Etter Wikestad sin kommentar måtte eg sjekke sist Norge spelte for over 80 000. Lærte også først no at Puskas spelte både for det ungarske og spanske landslaget.
Gjekk forbi Frk. Schmidt ved opning på torsdag. Han som jobba der blei illsint på kvinne i 30-åra som lot dei to hundane "markere" på hjørnet. Uteserveringa var for øvrig ikkje der. "La de jævla drittbikkjene dine pisse og drite et annet sted! Helvete heller!!" Ho svarte "Ha en fortsatt fin dag."
Det er Gilli som seier Mikkjel hadde vore perfekt match. Hadde vorr interessant å innføre lange innkast, uthaling av tid og minst mogleg ball i spel. Hugsar kritikken i AIK gjekk på det same. Lange innkast med handkle strategisk plassert. Hadde blitt kjeppjaga sjølv om dei hadde vunne alle kampane.
Spontantur til Kongeparken, bestilte nettopp. Vestlandet. 6 km ferjekø på Halhjem.
Dagens plante-i-mat-tips er planten ein finn overalt heile sommarhalvåret. Engkarse har eit ganske sterkt hint av sennep og kan brukast overalt der du ønsker sennepssmak.
Denne gjengen er det som styrer det meste. Oppe til høgre er den eldre garde som til sommaren flyttar til ny tribune, men kanskje litt for nært ultras til å skape sitt eige.
Veldig flott bortefelt i går på ein sein onsdags kveld. Fleire enn mange lags helgekampar.
Glissent på vinteren, men er slik innvendig. Og så kjem det høge grasstrå og høge blomstre om ei stund når våren har tatt litt tak.