Kronisk nynorsk 🏳️⚧️
@kronisknynorsk
Journalist med fokus på rus, helse og skeive saker. Skriv tidvis for Blikk Tips? emilas.53 på Signal Hen/dei
Nummer 12: Witches abroad! Heksene er attende, og dei tre må redda eit kongerike frå ei ond heks. Med andre ord er dette noko me ikkje ser so ofte i fantasy - at sjangeren trekkjer vekslar på eventyrtradisjonen. Det gjer denne boka gagns, og er elles noko Pratchett gjer i mindre grad andre stader.
Denne myten om at høgresida i Noreg liksom er imot remigrasjon og ikkje trur på den store utskiftinga, tenkjer eg me fint kan leggja daud
Eller samanlikn med denne NRK-saka frå tidlegare i år. Overskrifta er "Hodeskader i Gaza: Halvparten av de rammede er barn." Kven forårsakar desse hovudskadene? Kven er desse som skyt born? Berre heilt i slutten på saka vert det nemnd at IDF er "forelagt funnene i studien."
Som journalist kan det ofte vera lett å sjå seg blind på breaking-saker og korte dødlinjer. Ting må skrivast, det skal ut fort og ein fell inn i eit mønster der ein gjer det same ein alltid har gjort. Det er vanskeleg å sjå andre måtar å gjera ting på. Difor kan det vera sunt å rota i arkivet.
Eg er so fascinert over denne norske frykten for å vera for god
Men me hadde i det minste eitt av dei kulaste luftskipa noko sinne, då!
Hmm, frå redaktøren i Blikk? Undrar på kva det kan vera. La meg ta ein stor slurk kaffi og opna nrk dot no
Statsborgarskap er ikkje eit privilegium, det er ein enkel måte for staten å driva skatteinnkrevjing på, og som skapar forutsigbarhet for borgarane. Dette luktar barnsleg og krampaktig nasjonalisme.
I tillegg til dette hevar dei kravet til norsk frå A2 til B1. Det høyrer jo heime i den stadig meir drakoniske innvandringspolitikken til Ap, og er eit enormt tap for samfunnet
Ingen kan skulda meg for å vera nokon skjønlitterær skribent, men ambisjonen er der.
Eg har alltid trudd at teikneseriar grovt overdreiv faren for å få ei blomsterpotte i hovudet, men
Hei, alle! Me våkna opp med ein katt for lite. Ho vart sett i går i 11-tida inne(!) på Kafe Sara, so om nokon ser ho i området, send meg ei melding eller prøv å få tak i henne. Ho er snill og litt engsteleg.
Først tømmer Schibsted avisene for pengar og tilsette, og når det ikkje er meir å henta sel dei seg ut og fokuserer på arbeidet som faktisk tener pengar. Strålande eksempel på røvarkapitalisme som gjer aksjonærane rikare og samfunnet fattigare.
Øyulf Hjertenes, konserndirektør i Schibsted Noreg, tente i 2024 kring 4 millionar kroner. Då var han styreleiar i Bergens Tidende. Han tener nok meir no.
Eg oppmodar elles alle om å lesa litt om Jan Morris, banebrytande på mange felt. Mellom anna var ho ei av dei fyrste transkvinnene i verda som fekk genitalkirurgi.
Snakk om å spara seg til fant! Me skal putta KI inn i alt for å ikkje "henga etter" alle andre, men kuttar i forsking over heile linja?
BREAKING Partileiaren i Frp tar sterk avstand frå partiprogrammet til Frp