Olaf Moriarty Solstrand
@olafmoriarty
Han/honom, 44, Bærum. Bibliotekar, hobbykodar, eks-teikneserieforfattar. Lager og driver . Andre prosjekt:
Urk, eg har gått med planer om å integrere Gelato på fleire av sidene mine lenge, men kan vel seie ganske sikkert at dei planene er skrinlagt når eg leser dette
Vil gjerne ha tilbakemeldingar om nokon gidder. Er dette eit OK cookiebanner? (Det dukkar IKKJE opp med ein gong du går inn på sida for fuck that eg setter uansett ingen cookies på det tidspunktet, men det ligger svært lett synlig når du går inn i innstillingar for å stille på ting.)
Føler at eg lærer nye norske film- og TV-tittelomsetjingar kvar gong eg er innom IMDB
Amerikanarane er så søte av og til. "Men om vi avskaffer vintertid må BARN gå på skolen FØR sola står opp! Enkelte stadar får ikkje soloppgang før klokka NI!" Oh, you sweet summer child (bokstaveleg talt).
Ok, eg har ikkje fulgt med på denne saka, men eg prøver å forstå logistikken i kva som har skjedd her: Har prisen AUKA etter at Åmot kjøpte rettigheiter og annonserte denne visninga, eller annonserte dei visninga utan å først finne ut kva prisen var?
Eg veit at "krigstyper" er noko nettavisene aldri har operert med, men kan vi vera så snille å vera einige om at det er absurd når overskrifter *om krig* i Iran/Ukraina på NRK.no har skriftstørrelse 38-44 mens overskrifter om at "no er det vanskeleg å få kjøpt storskjermar" har skriftstørrelse 132?*
EKSPERIMENT: Basert på korleis BA har vinkla denne saka, kva trur du var grunnen til at Bergen kommune gav han sparken? a) fordi brukarane synest han ser skummel ut b) fordi han er satanist c) fordi han jobbar med personar med alvorlege psykiske lidelser og er dømt for grovt uaktsom voldtekt
I tilfelle nokon skulle tru at måten rikskringkastaren vår dekker klimaendringer på ikkje har ei negativ virkning på allmennheita som desse nyheitene formidlast til, er altså dette ei meiningsmåling frå ei sak om hetebølge i Noreg (heger www.nrk.no/vestfoldogte...).
Veit du kva som hadde vore ein kraftig reaksjon, Ståle Solbakken? Trekk dykk. Sei "dette gidder vi faktisk ikkje", ta med deg laget ditt og reis heim til Noreg. Kvart sekund du deltar i dette meisterskapet er du med på å legitimere det. (heger www.nrk.no/fotballvm202...)
Dersom eg skulle ha oppsummert Jon Niklas Rønning for nokon som aldri har høyrd om han og eg berre kunne bruke ei setning, føler eg at denne (heger www.nrk.no/innlandet/ko...) treffer spikeren ganske på hovudet
Eg har berre eitt spørsmål, Jeanette Winterson. PURRELØK?
Det skal nevnast at NRK i denne artikkelen snakkar med ein ekspert som advarer mot å putte absolutt alle opplysningar om sin personlege økonomi inn i den svarte boksen KI er. Det må imidlertid samtidig nemnast at dette skjer i artikkelens TRETTITREDJE avsnitt.
Til KIs forsvar*: all kakebakst sluker vann og strøm * (dette var ein vits og det er den einaste grunnen til at eg tar KI i forsvar)
Første reaksjon: OMG YES FANTASTISK DENNE VIL EG LESE Andre reaksjon: ... men HERREGUD då Aschehoug, skjerp dykk. Eg skjønner at korrekturlesing tar tid, men i BOKSKILDRINGA som de sender til Bokbasen som ALLE bokhandlarar bruker til marknadsføring, MÅ de faktisk korrekturlese NAMNET PÅ FORFATTAREN
Eit selskap har kjøpt villaen midt i Bekkestua Have (som er regulert som næringslokaler og difor potensielt kan bli brukt til noko gøy og spennande), og Budstikkas fokus i saka om dette er kven som er tremenningen til ektefellen til styreleiaren
Denne! (Og eg veit at den ser tusen gonger betre ut på utstillingsdokka enn den hadde gjort på meg, altså.)
Herregud, kva er denne vederstyggeligheten Dei har laga ein video om History of the entire world, I guess, men i staden for å bruke eit skjermbilete frå History of the entire world, I guess sånn som alle andre gjer har dei KI-generert ein thumbnail i ein HEILT annan stil??? KVIFOR
Ok eg nekter å tru at illustratøren her ikkje visste kva dei gjorde
Scroller youtube med minispilleren open, og var farleg nær ein spit take her (Analysis. Det står analysis.)
Dette bør kunne funke vel? (Sitter nesten heilt innerst til venstre i markedsteltet fire timer i dag og åtte timer i morra, mellom Buskerud Folkehøgskole og Skogkatt forlag.)
Ah, King Kong, den fiktive kjempegorillaen som er best kjent for å forsøke å kjøpe ei trampoline på Internett men møte opp i feil hage og demontere ein uskyldig tredjeparts trampoline når han kjører for å hente den